No trur vi ikkje at det er snakk om tusenar på tusenar av lesarar, men vi har fått vite at det i alle fall er ei bestemor, sikkert to, som er noko indignert over at det har tatt så lang tid å oppdatere bloggen vår. Unnskyldningane kunne vore mange, men det handlar til sjuande sist om trongen til å formidle, og kanskje om motivasjonen til å lage til bilde og evt. video.
Det har skjedd ein del sidan sist. Vi har vore heime på Øya og skifta til vinterdekk. Dette gjorde vi sjølvsagt i haustferien, og nytta samstundes høve til å kose oss saman med familie og venner. Tove har vore enda ein gong i utlendigheit, nærmare bestemt Paris. Berre seks dagars heime-åleine-feist, men vi rakk å sakne ho likevel. Eg har jobba som vikar på same skulen sidan første veka i jobb og det har vore både praktisk og motiverande. Iben kosar seg veldig på barnehagen. Ho er (litt for) snar å vinke "ha det" om morgonen, og det har vore gongar ho har uttrykt misnøye med å bli henta. Litt sårt, men samstundes veldig godt å vite at ho likar seg så godt saman med vaksne og born på barnehagen.
Dagens godbit er, ikkje uventa, av gojenta vår. At ho er ei god blanding av både Grande og Dyb ser dei fleste, men sjeldan er det like tydeleg som i sekvensen under. Tove har ein tendens til å auke volumet litt når ho tar telefonen, underteikna snakkar sjeldan lenge utan at vandringa tek til. Sjå og nyt ;=) Beklager lav kvalitet på lyden, og forsåvidt bilde, men det heile er tatt opp med eit vanleg digitalkamera.